Aktivitetar og tilbod i laget

Rekruttløp / rekruttløype
O-laget arrangerer nybyrjarløp for barn ved Bø skule og Gullbring etter påske i april 2023. Meir informasjon om dette kjem i første del av april. Løpa er gratis og alle barn er velkomne til å prøve seg i ei enkel orienteringsløype.
Nybyrjaraktivitet vil det også vere på dei vanlege treningsløpa som går onsdagar på våren og hausten.
Treningsløp kvar onsdag
Kvar onsdag i sommarhalvåret arrangerer vi treningsløp som er opne for alle. Du er hjarteleg velkomen til å delta sjølv om du ikkje er medlem!
- Treningsløpa har ei eige løype for nybyrjarar. Postane i denne løypa ligg på eller nær ein tydeleg sti, og det er lett å finne fram.
- Frammøtestad varierer kvar veke. Sjå oversikt(sesongen 2022 og tidlegare sesongar) her.
- Dei fleste løpa arrangerast inntil 5 km frå Bø sentrum. Om du treng skyss kan du kontakte ein av desse medlemane i laget.
- For medlemar i Bø OL er det gratis å delta på treningsløp. For andre kostar det 20 kr pr løp. Familiar betalar maks. 50 kr for heile familien.
Turorientering
Stolpejakt er eit tilbod i Bø. Last ned Stolpejakten-appen og kom igang!
Terminfesta løp hos andre klubbar
Kvar helg (og nokre vekedagar) arrangerer andre klubbar terminfesta orienteringsløp. Som regel drar det nokre o-løparar frå Bø til andre løp i Telemark, Vestfold og Viken. Om sommaren finst det fleire fine fleirdagarsløp som kan kombinerast med ferietur. I den norske terminlista finn du oversikt over alle løpa.
Startkontingentar og økonomi
På løp utanfor Bø er det startkontingent. Som regel treng du ikkje betale startkontingent på førehand, eller på løpet. Arrangørklubben sender rekning til Bø orienteringslag etterpå.
For barn og ungdom under 21 år dekker klubben heile startkontingenten på alle løp. For vaksne medlemar dekker klubben 100% av startkontingenten, inntil 1500 kr. pr år. Klubben dekker også heile startkontingenten ved deltaking i stafettar, NM, hovudløp og noregscup.
Kasseraren i o-laget held oversikt over kva for løp du har sprunge og sender rekning mot slutten av sesongen.
Kjøring og skyss til o-løp må den enkelte avtale sjølv. Vi delar på utgiftene til kjøring når vi drar saman med andre til løp utanfor Bø.
Laget gir tilskot til reise og overnatting ved NM, Hovudløp, Noregscup.O-laget dekker avgifta til kretslaget for uttatte løparar.