Bø orienteringslag Bø orienteringslag Påmelding Eventor NOF Vår hovedsponsor:
Bø orienteringslag

Bø o-lag - Litt om historie og aktiviteter

Bø orienteringslag blei stifta i 1960. Talet på medlemmer er for tida ca 50, men det var oppe i om lag 70-80 i den mest aktive perioden på 80-talet. Om lag halvparten av medlemmene er aktive orienteringsløparar, og deltar i løp både i inn- og utland. Hovedmålet med verksemda i Bø er å gje tilbod til befolkningen om orientering som tur- trim- og konkurranseaktivitet.

Konkurranse

Dei første 20 åra i lagets historie var det få som deltok i løp utanom klubbløpa. Seinare har dette blitt meir vanlig, og i 1992 blei Lifjell o-lag stifta. Dette er ein klubb som fungerer som eit samarbeid mellom o-laga i Bø og IL Skade. Dei første åra var også Notodden OL med i samarbeidet, men dei har nå trekt seg ut. Lifjell OL er konkurranseklubben der dei aktive deltakarane er med. Alle medlemmer av Bø og Skades o-gruppe representerer Lifjell OL i løp.

Laget har i seinare tid hatt ein del gode o-løparar som har hevda seg bra nasjonalt, og er i alle fall på seniorsida å rekne som beste klubb i Telemark. Lifjell OL vann gull i KM-stafettane både for herrer og damer, og blei nr 15 og 16 i tilsvarande stafettar i NM i år 2000.10.18

Treningsløp

Hovedaktiviteten på lokalt plan er treningsløpa kvar onsdag. Totalt i sesongen blir det arrangert ca 12-15 treningsløp frå snøen går om våren og fram til elgjakta om hausten. I dei fleste treningsløpa er det om lag 30 deltakarar, men enkelte løp kan samle opp mot 100 dersom studentane på idrettsstudiet på høgskolen sluttar fullt opp.
Dette er tilbod både til nybegynnarar og meir avanserte og er åpent for alle som vil prøve.
På hausten har vi "haustsprint". Kortdistanseløp som går over 3 kveldar i Oktober.

Turorientering

Vanligvis blir det sett ut om lag 30 postar fordelt på to eller 3 kart i nærområdet. Dette er for familiar eller andre som vil ha seg ein tur i skogen med kart og kompass. Kan også brukast som trening. Enkelte år har det vore samarbeid med turlaget i Bø om meir spesielle opplegg der ein besøker historiske stader, gamle husmannsplassar eller andre spesielle lokalitetar i terrenget.

Kart

Bø o-lag har om lag 15 orienteringskart. 6 av desse er store og kvalitetsmessig gode nok til å arrangere større konkurransar på. 5-4 er relativt små sentrumsnære kart, og nokre treng revisjon.

Arrangement

Klubben arrangere kvart år eit kretsløp for Telemark. Dette har vore tradisjon heilt tilbake til då klubben blei starta. Av større løp har vi arrangert VM-testløp, Sørlandgalopp og i 1996 hadde vi natt-NM i Nordbøåsane med base på Høgskolen i Bø. I september 2002 arrangerte laget NM-veka saman med Skien OK.