Bli medlem i Bø orienteringslag sesongen 2022
Viss du likar orientering er det lurt å vere medlem i laget. Som medlem får du desse fordelane:
- Gratis deltaking på treningsløp kvar veke, sprintløp, rekruttløp og andre treningar i regi av klubben.
- Laget dekkjer delar av startkontingent for alle terminfesta o-løp i Noreg: 100% for løparar under 21 år, og 50% frå 21 år og oppover (inntil 750 kr pr. år).
- Laget dekkjer startkontingent for alle stafettar.
- Heile startkontingenten for hovudløp, NM og noregscup dekkast av laget.
Alle medlemar over 15 år har stemmerett på årsmøte, viss dei har vore medlem minst 1 månad
Medlemskontingent for 2022 kan du betale til kontonummer: 2630.07.09604 - Bø OL v/ Steinar Lande. Fint om du skriv namn på alle medlemar i husstanden i kommentarfeltet i nettbanken. Då får vi registrert alle som medlemar i medlemsregisteret vårt.
Gjeldande satsar(2022) for medlemskontingent:
Familie (inkludert skuleungdom): | 350 kr |
Vaksne enkeltmedlemar (18 år og eldre): | 200 kr |
Barn og ungdom (under 18 år): | 100 kr |
Viss du vil ha medlemskort kan du laste ned og skrive ut denne giroblanketten.