Bø o-lag - Litt om historie og aktivitetar
Bø orienteringslag blei stifta i 1960. Talet på medlemar er i dag, år 2024, ca 100. Om lag halvparten av medlemane er aktive orienteringsløparar, og deltar i treningsløp og/eller løp i inn- og utland. Hovudmålet med verksemda i Bø er å gje tilbod til befolkninga om orientering som tur- trim- og konkurranseaktivitet.
Konkurranse
Dei første 20 åra i lagets
historie var det få som deltok i løp utanom klubbløpa. Seinare har dette
blitt meir vanleg, og i 1992 blei Lifjell
o-lag stifta. Dette var ein klubb som fungerte som eit
samarbeid mellom o-laga i Bø, IL Skade og Notodden
OL. Notodden OL gjekk ut allereie etter 2 år, mens Lifjell OL blei oppløyst nokre år seinare.
Laget har i seinare tid hatt ein del gode o-løparar som har hevda seg bra nasjonalt, og er i alle fall på seniorsida å rekne som ein av dei beste klubbane i Telemark. Bø OL har vunne fleire medaljar i KM-stafettane både for menn og kvinner, og blei nr 15 og 16 i tilsvarande stafettar i NM rundt år 2000 (då Lifjell OL). Dei beste individuelle prestasjonane har Jon Solberg stått for, han vann H 16 i Hovudløpet for yngre(uoffisielt NM) i 1992 og tok fleire NM-medaljar som junior på 1990-talet.
Treningsløp
Hovudaktiviteten på
lokalt plan er treningsløpa kvar onsdag. Totalt i sesongen blir det arrangert
ca. 15 treningsløp frå snøen går om våren og fram til elgjakta om hausten.
På treningsløpa er det 25 - 50 deltakarar, men enkelte løp
kan samle opp mot 100 dersom studentane på idrettsstudiet på universitetet
sluttar fullt opp.
Dette er tilbod både til nybyrjarar og meir avanserte og er ope for alle
som vil prøve.
På hausten har vi "haustsprint". Dette er kortdistanseløp som går over 4
kveldar i oktober.
Turorientering
Turorientering er for familiar eller andre som vil ha seg ein tur i skogen med kart og kompass. Dei siste åra har det ikkje vore turorientering i Bø. O-laget har i 2020 og 2021 vore medarrangør i Stolpejakten, i 2022 var laget hovudarrangør. Enkelte år tidlegare har det vore samarbeid med turlaget i Bø om meir spesielle opplegg der ein besøker historiske stader, gamle husmannsplassar eller andre spesielle lokalitetar i terrenget.
Kart
Bø o-lag har om lag 15 orienteringskart. 6 av desse er store og kvalitetsmessig gode nok til å arrangere større konkurransar på. 4-5 er relativt små sentrumsnære kart, og nokre treng revisjon.
Arrangement
Klubben arrangerer kvart år eit kretsløp. Dette har vore tradisjon heilt tilbake til då klubben blei starta. Av større løp har vi arrangert VM-testløp i 1990, Sørlandgalopp i 1991 og i 1996 hadde vi natt-NM i Nordbøåsane med base på Høgskolen i Bø. I september 2002 arrangerte laget NM-veka saman med Skien OK. I 2014 arrangerte laget KM for Telemark, Vestfold og Buskerud med mål ved Vatnar skule og over 500 deltakarar.