Informasjon til arrangørane
Denne sida er til informasjon og hjelp for deg som skal arrangere treningsløp. Her finn du informasjon om korleis du skal arrangere treningsløpet og kva du som arrangør må gjere før og etter løpet.
Løypene
Alle vanlege treningsløp skal ha løyper med følgjande lengder og vanskegrad:
1 - 1,5 km for nybyrjarar | Svært lett løype for nybyrjarar (N-nivå). Løypa skal følgje tydelege leieliner som stigar, vegar, bekker eller kraftliner heile vegen. Korte strekk. Minst 8 postar. |
2,5 - 3 km for vidarekomne | Lett løype for vidarekomne (C-nivå) Middels vanskeleg, men vesentleg enklare enn A og B – løypene. Postane skal liggje nær, men ikkje på leieliner. Ein kan følgje stigar store delar av løypa, men må kunne ta rett veg i stikryssa. |
2,5 - 3 km avhengig av kor tungt terrenget er | Løype for erfarne o-løparar (A/B-nivå). Like vanskeleg orienteringsteknisk som den lengste løypa, men bør vere løpsmessig lettare. Du bør og unngå ekstreme vegvalstrekk og svært krevjande terrengområde. |
4,5 - 5 km avhengig av kor tungt terrenget er | Krevjande løype for A-løparar (A-nivå). Krevjande orienteringsteknisk og fysisk. Høg vanskegrad. |
Dersom du får problem med å arrangere i di veke, prøv fyrst å bytte med ein annan arrangør. Dersom det ikkje går, kontaktar du leiaren i o-laget Dag Steinar Ragvin.
Du finn meir informasjon om løyper og vanskegradar på orienteringsforbundets sine websider. Brosjyra Bedre løyper for de yngre forklarar korleis du legg gode løyper for unge løparar. Nivåstigen viser kva for o-tekniske ferdigheiter ein løpar behersker på N-, C-, B- og A-nivå.
Kart og løypetrykk
Alle karta finst som pdf-filer på www.boolag.org. Til planlegging av løypene kan du skrive ut kart sjølv, men trykkekvaliteten på løpskarta skal være god. Ikkje bruk dårlege kopiar! Løpskarta skal lagast av Hustrykkeriet på universitetet i Bø (MB-hustrykkeriet.bo@usn.no), og o-laget har "handlekonto" der.
Du kan teikne løypene sjølv på PC eller få hjelp til dette av andre i klubben:
På PC med Purple Pen
- Teikn løypene digitalt med programmet
- Purple Pen er gratis, søk opp og last ned ved hjelp av Google. Lag pdf-filer med kvar løype.
- Send pdf-filene med løypene til Hustrykkeriet på universitetet (MB-hustrykkeriet.bo@usn.no) og bestill passe antal kart av kvar løype. Du bør bestille ein dag før løpet, eller avtale tidspunkt
Utstyr
I utstyrskassa finn du postflagg, EKT – einingar (post- og start – eining), EKT-lånebrikker, merkeband, kartplast, skrivesaker, instruksjonskompass, saft, plastkrus og plastkanne for drikke. Kassa skal leverast vidare frå arrangør til arrangør. Postane skal takast inn og leverast vidare til neste arrangør så fort som mogleg saman med utstyrskassa innan helga etter treningsløpet.
Dersom noko manglar i kassa og/eller du treng fleire postflagg, kontakt Dag Steinar Ragvin, tlf. 94 16 94 76, e-post d-ragvin@online.no.
Det elektroniske utstyret for avlesing av tider får du av forrige arrangør eller Steinar Lande, tlf. 975 26 351, e-post steinar.lande@gmail.com.
Resultat
- Skriv opp alle resultat på ferdig utfylte namnelister som du kan laste ned som pdf her.
- Det er viktig at du skriv opp rett brikkenummer på løparane som låner brikke, eller som bruker anna brikke enn den som står på lista.
- Set kryss i kollonna for den løypa løparen deltar i før start.
- Før inn brukt tid frå brikkelappen når løparen er i mål.
Resultatlista publiseres på www.boolag.org etter løpet.