Nye klubbdrakter frå 2015. Ny bestilling blir gjort nå i april 2024, sjå nyhet på Facebook.
Klubben tilbyr sal av klubbtøy i klubbens farger - både løpsdrakt og overtrekkstøy. Tøyet produserast og leverast av Trimtex i Lillesand.
LøpsdraktDu kan velgje mellom to modellar av løpstrøya. Basic har "vanleg" passform med V-hals, mens Extreme er ein meir tettsitjande trøye med glidelås i front. Begge modellane får du med korte eller lange ermar. Du kan velgje kort eller lang svart bukse av modellen Basic, eller tights. OvertrekksdraktOvertrekksdraktene er av modellen Trainer.
Trainer er lett og komfortabel lagd i vind- og vassavvisande materiale, med elastiske felt i side. Pustande materiale under armar og luftekilar i rygg gir gode ventilerande eigenskapar. Refleksglidelåsar gir sikker trening i mørket. Prisar Orienteringslaget sponsar kvart medlem med 50 % for eitt sett løpsdrakt
og eitt sett overtrekksdrakt.
|
|
Bestilling
O-laget har att drakter på lager etter bestilling vinter 2021. Ta kontakt med Dag Steinar Ragvin dersom du ønskjer å kjøpe d-ragvin@online.no